Surnadal pensjonistlag
Stavgang ved Toåa
Todalingane er dyktige til å ordne til for folk som vil gå turar i den vakre bygda. Det er stiar og sitteplassar fleire forskjellige plassar rundt om. Torsdag 1. juni tok stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen frå Bruset og opp dalen langs Toåa til Ramsøya.
17 trimmarar, med og utan stavar, hadde våga seg ut i det usikre veret. Første stopp vart ved gapahuken som det stod Fosstrøinn på. Stien svinga no meir inn i skogen, før vi etter kvart kom fram til bygdavegen. Straks svinga vi av igjen og gjekk på fin nyslått sti bort til gapahuken ved Nessaøra.
Her åt vi nista vår og vermde frosne fingrar på kaffekoppen, før dei fleste tok same vegen tilbake. Nokre valde heller å gå bygdavegen ned att. Og så sanneleg vart det ikkje litt blå himmel og på slutten.