Sesongens siste tur for fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Tur til Gråfjellet

Publisert Sist oppdatert

Sesongens siste fjelltur, tirsdag 27. september, er unnagjort.

Nyter utsikten like ovafor Nordviksetra.
Følgjer Sulastien.

Vi starta frå Nordvik, køyrde bomvegen opp til Nordviksetra. Derifrå guida Ingrid og Jan Nordvik oss vidare i lett, tørt og fint terreng etter den gamle turstien som går til Sula. Vi, 28 pensjonistar, snudde oss stadig for å nyte det flotte utsynet over fjord og fjell! Ein god stopp vart det ved Suloppkommet, der mange tok seg ein rein og forfriskande slurk vatn.

Ved Suloppkommet som aldri vert tomt.

Litt lenger opp kom vi til eit vegskille, som viste sti til Sula og til Gråfjellet. Stien austover mot Gråfjellet var lett, tørr og slak. Men så vart vi overraska av ein skikkeleg stri og kald austavind. Difor vart turen litt amputert.

Under Gråfjellet.
Stri og kald austavind.
I ly for vinden.
Alle fann seg ein lun plass.
Ein ekstra runde for å sjå bygda.
Fin utsikt til Stangvikfjorden og Neslandet.
I lang rekke på tur ned til Nordviksetra.

Vi søkte ly i steinura under Gråfjellet, der vi tok matpausen vår. Så vart det ein runde litt austover og rundt eit lite vatn før turen gjekk nedover mot Nordviksetra, der vi fekk eit overraskande og triveleg møte med ein geiteflokk.

Marit og bukken ved Nordviksetra.
Godt for geitene å slikke handflater.
Dette må no vel vere premiegeit.
Alle 28 (Ein har gått vidare) kom ned til den koselege hytta til Ingrid og Jan Nordvik.

Vi avslutta med endå ein hyggeleg kafferast ved hytta til Ingrid og Jan Nordvik.

Vi takkar for ein riktig god tursesong, og så møtest vi att til våren!

Og så håpar vi på ein triveleg avsutningskveld på Todalshytta, onsdag 5. oktober kl. 19.00.

Idyll og nostalgi over den gamle Nordviksetra.
Powered by Labrador CMS