Fjellgruppa:

Minitrekanten i strålande sol

Publisert

"Hjembygdens bakker blide.......". Wildenvey kunne få sagt det.

Oppstart frå Skeisnebbparkeringa.
Snart oppå Salen.
Spreke damer på trekantturen.

Og i dag fekk vi ovanfrå Salen sjå kor vakker bygda vår er: velstelte gardar og heimar, ekrer og åkrar er sterkt grøne no før slåtten, likeins skogen fullt utlauva. Og så den blanke, blide elva vår, som svingar seg nedover. Da var ho meir tufsa da "Gyda" slepte laus vasskrafta si, men det har vi mesta gløymt.

Først kvil på Salen.
Utsikt frå Jabenken, høgst oppå Salen.
Ned mot Gammelsetra.
Fint utsyn over bygda frå Gammelsetra.
Mot Midtsetra.

Når vi kjem ut av Midtseterdalen og ser utover vatnet mot setra må vi enno ein gong stoppe opp for å nyte synet.

Over Ranesbekken til Ranessetra.
Langs Ranessetervatnet til Ranessetra.

På Ranessetra tek seterdeiene Arne og Nils i mot, med varme på åren og tente ljos på bordet: Velkomne! Kaffen var klar, men grillinga vart så ymse. Det seies at kol skal vera bra for magen.

Ranessetra med 16m langt kufjøs, seterskjel og saufjøs.
Pølsegrilling på den fine åren i seterskjelet.
Vertsfolket, Arne og Nils, på Ranessetra.
Heile Fjellgruppa ved seterskjelet.
Dei som heldt ut lengst på Ranessetra.

God stemning og mykkjy toilltal i solveggen, som det skal vera i godt lag!

Ein overlag fin Trekanttur er snart forbi.
Powered by Labrador CMS