Annonse
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag melder:
Fjellgruppetur til Bollen
Vi la iveg 22 opplagte vandrarar frå parkeringsplassen i strålande haustver. Moralen var på sitt høgste. Alle kom opp, men fleire tykte det var ein stor og kronglut bolle. Rarare var det at oppteljinga på toppen viste at vi var 24, og vi som trudde at gjengen var over formeringsdyktig alder. Veldig artig lell at så mange stiller opp!
Sidan dette var siste turen i år, kom det forslag om at vi må møtast og feire oss sjølve, noko som fikk stor tilslutning. Så plana er at vi møtest på Tjønnmyra neste tirsdag, der det blir grilling og trivsel på alle vis. Tilstelninga blir annonsert så snart det er klart.