Surnadal pensjonistlag

Ei gruppe med over 30 turgåere oppstilt for fotografering i solskinn.
Aakvik-knuken med 34 blide pensjonistar.

Fjellgruppa på tur til Åkvikknoken

Publisert

Denne tysdagen starta Fjellgruppa turen i den vene Halsabygda. Vi gjekk langs vegen ovanfor gardane, som låg der velstelte etter kvarandre. Deretter oppover skogsveg og etter kvart fint opparbeid sti. Der er det lagt ned mange arbeidstimar! Men det er ein måte å ta vare på naturen på: på myrlendt lende med mykje trafikk blir det snart berre gjørma utan fast grunn. Og no såg vi at vi var mange - vi var eit langt tog der vi gjekk etter kvarandre, heile 34 og ein hund som tok ut i godveret. 

Seks turkledde mennesker på en parkeringsplass ved ei kirke.
Oppstart ved Halsa kyrkje.
Et gårdstun med hus, fjøs og stabbur.
Velheldte og flotte gardar i Halsa
Turgåere på en skogssti.
Trivsel opp fin skogssti.
Et tørt gammelt tre.
Fint for fuglar og insekt her i gammal skog

Og opp på Åkvikknoken kom vi! Ein utruleg fin plass, med utsyn vide omkring. Tustnastabbane låg der så breie, men ikkje verre enn at havet blenkte utover. Dei langsynte sa dei såg Gripfyren uti der; vi får tru dei på ordet.

Seks turkledde menn som står på et berg og ser utover fjorden.
Kjentmann orienterer oss.
Fire turkledde damer som sitter på et berg og ser utover fjorden.
Vidt utsyn frå Aakvik-knoken 374 moh.
Ei dame på tur som har tatt en rast i sola. Fjord og fjell i bakgrunnen.
Halsafjorden og Fløystadgfjellet i bakgrunnen dit neste tur går.

Det var skikkeleg varmt der vi rasta i solsteiken. Spesielt hunden tykte det var i heitaste laget vinterpelsen sin, og lite vatn å finne. Men ei av damene tok vassflaska si og slo opp i drikkekoppen og spanderte på den tyrste firbeinte. "De gode gjerninger skal redde verden", sa B.B. Så sant så sant. Det er godt med ein slik tur i godt ver og godt lag.

Et par ski støtta opp mot et tre, men ingen snø.
Sommaren kom vel litt fort på skiløyparen.
Mange turgåere på en grussti i marka.
Imponerande arbeid nedlagt på stien.
To turgåere med hund på en skogssti.
Ned gjennom vårgrøn lauvskog.
En turgåer med hund i bånd på veien. Solskinn.
Tørst hund etter lang tur i tørt terreng i tropevarmen.
Ei gammel trekirke.
Tilbake ved Halsa kyrkje etter overlag fin tur.



Powered by Labrador CMS