Bygdebokkontoret melder:

Ein tidlegare bustad, Steinavollen på Honnstad.

Korrektur for heimane frå Honnstad til Kvammen - Sjekk e-post!

Vi på bygdebokkontoret i Surnadal arbeider no på spreng for å få ei ny bygdebok klar til jul. Vil du unngå feil om familien din i den nye boka, er vi avhengige av at du hjelper oss med finpussen av tekstane. For tida arbeider vi intensivt med å sende korrektur ut til dei ulike heimane, og vi sender til dei aller, aller fleste ut korrektur på e-post. Det er derfor no ekstra viktig at folk følgjer med innboksen sin, for det er korte svarfristar på å rette opp feil og koma med nye innspel. Heimane som høyrer til under Kvammen, skal allereie ha fått korrektur tilsendt, og Sande er like om hjørnet. Resten kjem slag i slag!

Boka som er i kjømda skal omfatte heimane frå og med Honnstad til og med Kvammen, på sørsida av elva.

Sender med eit bilde av ein tidlegare bustad, Steinavollen på Honnstad.

Powered by Labrador CMS