To menn og fire kvinner oppstilt utendørs.
50-årsjubilantane samla framfor sjøbruksmuseet. Frå venstre Bendik Holt, Anne Lise Bæverfjord, Mary Lovise (Settemsdal) Moen, Solfrid Bævre, Marit Jorid (Bævre) Brennskag og Magne Snekvik.

Femti år etter

Publisert Sist oppdatert

1973-konfirmantar frå Åsskard sette kvarandre stemne søndag. Etter gudsteneste i kyrkja var det mimretreff på museet i Bøfjorden.

Prost Vidar Rygh leia kyrkjestunda saman med klokkar Randi Bøe og ei korgruppe. Konfirmantane 2024 vart presenterte. - Desse har i vinter felles undervisning med gruppene i Stangvik og Todalen og vil delta i mange gudstenester utover vinteren, sa prosten. Koret song til inngang og utgang. Jane Svensli stod for kyrkjekaffen. Frank Botten sørga for lys og varme og for TV-streaming av gudstenesta på nettet.

Et gammelt bilde av konfirmanter, og en prest foran.
Konfirmantane i 1973 saman med sokneprest Karl Jacobsen.

Ti-tusenmeter på sjøisen

Frå kyrkja drog 50-årsjubilantane til middag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Her sat praten laust: Mest om opplevingar i gamle dagar, med mykje artig frå skulen og friske skildringar av dristig leik og sport.

– Når Otto hadde testa sjøisen, laga vi bane og gjekk dei klassiske distansane 500, 1500, 5.000 og 10.000, hugsa Bendik og Magne. – Ja, heile mila med 25 rundar i strekk!

Mary Lovise undra seg over at det alltid gjekk bra om ungane var på sjølstyr: – At den flaumstore elva var farleg, visste både vi og dei vaksne. Men dei stola på oss lell!

Ti personer rundt et langbord med mat.
Rundt bordet i museumssalen. Frå venstre Anne Lise, Bendik, Marit Jorid, (soknerådet med Inger Lise Heggem, Randi Bøe, Eva Jorid Svendsen og Kari Johanne Aarnes), Mary, Solfrid og Magne.

Glimt frå livets gjerning

Kvar for seg fortalte gjestane også frå vaksenlivet: Magne om tenåra til sjøs og mange år som «brus-kjørar» for Ringnes, Mary Lovise om lærargjerning og husflidsinteresse, Solfrid om arbeid i møbelbransjen – utlagt: «å sy puter» under sunnmøringane! Marit Jorid uttrykte takksemd for mange gode år - med ulike husprosjekt og interessant jobb med Surnadal Bygdemuseum.

Bendik, no levangsbøgg, er fersk pensjonist - med ulike hobbyar. At han nettopp har bygd ein fullskala engelsk telefonkiosk i hagen, vekte munter beundring. - Berre skiltet «Telephone» vantar, smilte han.

Anne Lise hadde teke turen heilt frå Andebu ved Sandefjord. Ho vann mest under utlodninga. Også kyrkjefatet, soknerådets tradisjonelle hovudgevinst, vart med henne sørover.

Ei dame med et sort malt trefat. Motivet er ei kirke.
Anne Lise fekk med hovudgevinsten heim til Andebu: Kyrkjefatet, måla av Sigrun Hesjehagen.

Quiz

Bordkonkurransen om nære ting og om året 1973 var eit populært innslag. Konfirmantpresten deira, Karl Jacobsen, hadde visst ikkje røpa at han i unge år var på landslaget i turn! Derimot hugsa dei at filmen «Jesus Christ Superstar» kom nettopp i 1973, at bjørn og ulv vart freda det året og at Rikard Nordraak i si tid laga melodien til «Ja, vi elsker». Men at Ole Gunnar Solskjær vart døypt i same fat som dei, var ny kunnskap!

Soknerådet valde også denne gong Bøfjorden Sjøbruksmuseum som selskapslokale. Og med masse «levd liv» rundt veggene, frå tyske krigsminne til skutemodellar og eit flott lokalt eksempel på Unescos verdensarv, gir dette huset ein ekstra dimensjon til selskap og samver.

To damer som sitter ved et bord med penn og papir og grubler.
Quiz: - Kven vann skeise-NM for damer i 1973? Anne Lise og Marit Jorid i tenkeboksen.

 

Powered by Labrador CMS