Annonse
Annonse
Nordmøre Folkehøgskule - fortid, notid og framtid
Indre Nordmøre senioruniversitet inviterer til møte i foredragssalen på Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal onsdag 16.02.22 kl 12.00.
Tema: Nordmøre Folkehøgskule - fortid, notid og framtid ved rektor Kristian Silseth.
Nordmøre Folkehøgskule er ein viktig institusjon i bygda vår, og har vore det i lange tider. Det blir interessant å få eit innblikk i historikken, og ikkje minst å få ei oppdatering om korleis ein moderne folkehøgskule fungerer. Vi i styret gler oss til dette; både til å bli meir kjent med folkehøgskuleånda, og til å kunne treffast fysisk.
Enkel servering
Billett: 100 kr.
Velkommen!