Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Ei gravemaskin
Illustrasjonsfoto

Skiftar stikkrenner mellom Skei og Åshaugen - varsel om nattestengt veg

Møre og Romsdal fylkeskommune skal frå 12. – 16. juni skifte ut 13 stikkrenner på fylkesveg 670 mellom Skei og Åshaugen i Surnadal kommune. Arbeidet vil gå føre seg på natt og med lysregulering, slik at ein må rekne med noko forseinkingar.

Nattestengd fredag 16. juni

Natt til fredag 16. juni må vegen stengast mellom kl. 00.00 og 05.00. Det er ikkje lokal omkøyring i denne perioden. Naudetatar kan passere.

Etter 16. juni blir det gjort oppryddingsarbeid, men dette skal ikkje påverke trafikken.

Powered by Labrador CMS