Forteljinga om blinde Bartimeus, som fekk synet att, var dagens preike. 4-åringar hjelpte til med framstillinga.
Forteljinga om blinde Bartimeus, som fekk synet att, var dagens preike. 4-åringar hjelpte til med framstillinga.

Festleg haustdag i kyrkja

Frukt og grønt, song, bibel og bokutdeling samla rundt sytti små og store i Åsskard-kyrkja søndag.

Publisert Sist oppdatert

Hausttakkefesten skjer alltid i samarbeid med Åsskard Bygdekvinnelag, som stod for pynting, vertskap og kaffeservering.

Åsskard Bygdekvinnelag er alltid vertskap for hausttakkefesten og viser litt av det takken dreier seg om. Frå venstre Inger Lise Heggem, Ragnhild Skrøvset, Aud Jorunn Endresen, Eldfrid Sæthervik, Torbjørg Settem, Kari Sæther, Randi Bøe og Kari Heitmann.

Den fargerike dåpsprosesjonen og stunda da vesle Marie vart døypt, sette eit høgtideleg preg på samlinga.

Liturg og predikant Elsa Jensvold sette barna i sentrum denne dagen. I preika let ho flanellografen, med hjelp av dei minste, illustrere bibelforteljinga om Bartimeus. 4-årsbok vart utdelt som gåve frå kyrkjelyden, og bevegelsessongar frå boka skapte liv i gudstenesta.

Ei songgruppe på galleriet førte an i salmar og liturgi. Dagens takkoffer gjekk til Kirkens Nødhjelp.

Alltid trivsel ved kaffen i Kyrkjestua, synest Johannes Skjerdal (frå venstre), Knut og Kjellaug Sollid, Svein og Ranveig Hauge og Gunnhild Skjerdal.
Alltid trivsel ved kaffen i Kyrkjestua, synest Johannes Skjerdal (frå venstre), Knut og Kjellaug Sollid, Svein og Ranveig Hauge og Gunnhild Skjerdal.

Etter gudstenesta var det som alltid saft, kaffe og småbrød i Kyrkjestua, denne gong altså med bygdekvinnene som servitørar.

Powered by Labrador CMS