Rektor Hilde Andersen.

– Ein gledens dag ved Surnadal vidaregåande skole!

Publisert Sist oppdatert

Torsdag vedtok utdannings- og kompetanseutvalet i Møre og Romsdal fylke å ikkje sette i gang 20 tilbod ved 11 vidaregåande skolar. Surnadal vidaregående skole står ikkje på denne lista. Det må kunne tolkast slik at det blir igangsett klassar både i Vg2 helsearbeidarfag og Vg3 påbygging til generell studiekompetanse ved Surnadal vgs til hausten.

Fylkeskommunedirektøren si innstilling til politikarane var at til saman 34 klassar på 13 skular ikkje skulle blir sett i gang skoleåret 2022/2023, på grunn av låge søkartal (Det kan du lese om her). Utdannings- og kompetanseutvalet har altså bestemt at 14 av desse klassane kjem i gang likevel. Blant desse er Vg2 helsearbeidarfag og Vg3 påbygging i Surnadal.

– Det er heilt fantastisk å lese, seier rektor Hilde Andersen ved Surnadal vgs.

For å være heilt sikker på at dette no er endeleg bestemt har ho vore i kontakt med fylket, og ho fekk til svar at dei meier at dette er eit endeleg vedtak..

– Dette er ein gledens dag ved Surnadal vidaregående skole! Vi er veldig, veldig glade for at klassane våre kjem i gang. Det betyr at det har vore jobba godt for skolen, seier Andersen.

Powered by Labrador CMS