Surnadal vgs med gratis bind og tampongar til elevane

Frå venstre rektor Hilde Andersen, Magnus Bakken, Hedda-Margly Krangnes-Edvardsen og Ingeborg Sørvik Grimsmo

-Bør vere gratis og lett tilgjengeleg

På Surnadal vgs kan elevane no få gratis bind og tampongar, skulen har nemleg skaffa eigen automat for sanitærprodukt. Ei analyse viser at 77 prosent av unge jenter i Noreg har opplevd ubehagelege situasjonar på grunn av manglande tilgang til bind og tampongar under menstruasjon.

Publisert Sist oppdatert

- Vi meiner bind og tampongar bør vere gratis og lett tilgjengeleg for elevane, og skulen har derfor gått til innkjøp av ein sjølbetjeningsautomat i jentegarderoben, seier rektor Hilde Andersen. Det er Surnadal vgs som først skriv om dette på heimesida si.

Respons Analyse gjennomførte nyleg ein undersøking på vegne av Kiwi. I undersøkinga kjem det fram at 77 prosent av jenter under 25 år har opplevd ubehagelege situasjonar på grunn av manglande tilgang til bind og tampongar under menstruasjon. Meir om dette kan du lese på Skolekravet.no.

- Det er viktig for oss at elevane har det trygt og godt på skolen, og at ingen skal oppleve ubehagelege situasjonar. Eg er sikker på at elevane vil sette stor pris på automaten, og vi er stolte over at vi har fått på plass tilbodet, seier Andersen.

Samfunnsproblem

Problemet er såpass alvorleg at det kan få negative konsekvensar for skule- og arbeidsliv for enkelte jenter. I følge den britiske avisa The Mirror droppar meir enn 137 000 jenter i Storbritannia kvart år å gå på skulen på grunn av menstruasjon . Fleire av jentene droppar heile menstruasjonsveka, noko som for mange føles flaut og skamfullt etter dei kjem tilbake, skriv Mirror.

Estimat viser at meir enn 500 millioner jenter og kvinner verden over manglar tilgang på det dei treng for trygg og verdig menstruasjonshygiene. Mangel på gode sanitærforhold, bind og tampongar representerer i mange land eit hinder for jenter og kvinner si deltaking i skule og arbeidsliv – også i deler av Europa.

Surnadal vidaregåande er slett ikkje første skulen i Noreg som har fått denne ideen. Både i Trøndelag, Vestland og Nordland er det allerede gjort vedtak om gratis sanitærprodukt i den vidaregåande skulen.

Andre land var imidlertid før oss. Aller først ut var Skottland, som i 2020 var det første landet i verda til å innføre gratis bind og tamponger på alle skular og offentlege bygg. Seinere innførte land som Frankrike og New Zealand same ordning.

Powered by Labrador CMS