Surnadal vidaregåande skole - Gode søkartal til dei fleste tilboda
Søknadsfristen for dei vidaregåande skulane var 1. mars, og Møre og Romsdal fylkeskommune har publisert søkartala.
For heile fylket er andel søkarar til vg1 i år 41 prosent til studieførebuande (42 prosent i fjor) og 59 prosent til yrkesfag (58 prosent i fjor).
82 søkarar med ungdomsrett har Surnadal vgs. som førsteval på vg1. Det er 199 søkarar med ungdomsrett som har skulen som førsteval på alle nivå samla.
Desse fordeler seg slik:
Nivå | Programområde | Tal klassar | Tal plassar | Tal 1.ønske søkarar |
1 | Bygg- og anleggsteknikk | 1 | 14 | 13 |
Elektro og datateknologi | 1 | 14 | 14 | |
Helse- og oppvekstfag | 1 | 15 | 9 | |
Studiespesialisering | 1 | 28 | 34 | |
Teknologi- og industrifag | 1 | 14 | 12 | |
2 | Tømrer | 1 | 14 | 9 |
Automatisering | 1 | 14 | 9 | |
Barne- og ungdomsarbeiderfag | 0,5 | 7 | 6 | |
Helsearbeiderfag | 0,5 | 7 | 3 | |
Realfag | 0,5 | 14 | 16 | |
Språk, samfunnsfag og økonomi | 0,5 | 14 | 18 | |
Industriteknologi | 1 | 14 | 13 | |
3 | Automatiseringsfaget | 1 | 14 | 9 |
Påbygg. gen. studiekompetanse | 0,75 | 21 | 8 | |
Påbygg gen studiekomp e/yrkeskomp | 0,25 | 7 | 1 | |
Realfag | 0,5 | 15 | 10 | |
Språk, samfunnsfag og økonomi | 0,5 | 15 | 16 |
Gode søkjartal frå Rindal og gamle Halsa
Rektor Hilde Andersen ved Surndal vidaregående skole er glad for å sjå at søkjartalet samla sett er høgt samanlikna med elevgrunnlaget. Ikkje minst er det i år gode søkjartal frå Rindal og gamle Halsa, i tillegg til frå Surnadal.
Surnadal vidaregående skole har god søknad til dei aller fleste av tilboda, kanskje med unntak av vg2 helsearbeidarfag og vg3 påbygg til generell studiekompetanse, kor tala er låge.
– Nedgangen i søknadar til desse tilboda er ei utvikling vi har sett dei siste åra og som bekymrar oss, med tanke på behovet for arbeidskraft innafor helse i samfunnet, både lokalt og elles, seier Hilde Andersen.
Blir bestemt 17. mars
Kva klassar som blir starta og ikkje på dei ulike skulane i fylket vil bli vedteke av politikarane i møte i Utdannings- og kompetanseutvalet 17. mars.