ANNONSE:

Illustrasjon av eit vakse menneske utkledd som Teskjekjerringa. Personen hopper. Gamaldags kjøkken i bakgrunnen.

Musikalsk juleforestilling for heile familien

Det er mest i byane ein får oppleve klassisk barneteater som tidleg julepresang. Men i år serverer Teatret Vårt «Julekveld med Teskjekjerringa» på Surnadal kulturhus fredag 24. november.

Teskjekjerringa elskar jula. Men om ho får det for travelt kan ho bli så lita som ei teskei! Korleis unngår ho at det skjer på sjølvaste julekvelden, når mannen er oppkava og må på juletrehogst, nabokjerringa spionerer i kjøkkenvindauget og ho sjølv skal bake, vaske og pynte til jul? Teskjekjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre voksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for Teskjekjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. Prøysens jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fengjer både store og små!

Historia om Teskjekjerringa minner oss på at om ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel. - Og kanskje kjem julenissen?

Stykket er på femti minutt og passar sjølvsagt for heile familien – og da er det kanskje ikkje så dumt at det er billegare billett om ein kjøper saman med minst tre andre.

Powered by Labrador CMS