Surnadal kommune melder:

Illustrasjon av hvordan det nye helsehuset i Surnadal kan bli seende ut
Illustrasjon av korleis det nye helsehuset i Surnadal kan bli.

Statsforvaltaren godkjenner kommunens budsjett for 2026, tiltaksplan og planlagd investering i Helsehus

Dette er hovudpunkta i brev frå Statsforvaltaren 13. februar.

Statforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført lovlegheitskontroll av kommunens budsjett. Dette inneber inneber at Statsforvaltaren har ført kontroll med at Surnadal kommune sitt budsjettvedtak er lovleg, jf. kommunelova § 28-3 første og andre ledd.

Statsforvaltarens har konkludert følgande

  1. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har vurdert at budsjettet for 2026 er i samsvar med kommunelova § 14-10 om balanse i årsbudsjett og økonomiplan. 
  2. Etter kommunelova § 28-4 skal kommunar som er registrert i ROBEK utarbeide ein plan for å bringe økonomien i balanse (heretter referert til som tiltaksplan). Som del av budsjettsaka ligg tiltaksplan for å betale ned meirforbruk innan maksimal inndekkingstid, ref. kommunelova § 14-11. Tiltaksplan er godkjend. 
  3. Statsforvaltaren godkjenner at kommunen går vidare med prosjektet Helsehuset og har elles gitt strengt nødvendige lån til investeringa for 2026.

    Her kan du lese heile brevet frå Statsforvalaren (PDF, 314 kB)

Kommunedirektør Lars Inge Kvande er positiv til at Statsforvaltaren har følgd kommunens argumentasjonen om kvifor blant anna Helsehus er ei viktig investering for Surnadal kommune for å kunne bygge gode og effektive helse- og omsorgstenester. for framtida.

To menn som holder frem et kart foran kommunehuset.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande.

– Vi er glade for dei positive tilbakemeldingane frå Statsforvaltaren, samtidig som vi ser at det blir krevande arbeid i heile organisasjonen for at vi skal klare å komme oss ut av ROBEK i tråd med Økonomi- og handlingsplan. Vi må sjå på alle moglegheiter for å halde kostnadane nede og unngå meirforbruk, i tillegg til tiltakslista som er vedtatt. 

Her kan du lese kva Statsforvaltaren seier om det planlagde Helsehuset. (PDF, 77 kB)

Mellom anna seier Statsforvaltaren dette om Helsehus: “Etablering av eit nytt helsehus med samlokalisering av sjukeheim, heimeteneste og andre relevante støttetenester er eit fagleg godt og framtidsretta grep. Samlokalisering er eit sentralt verkemiddel i ei tid med knappheit på helsepersonell og aukande krav til kompetanse og pasienttryggleik.”

– Helsehuset er meir enn eit bygg. Vi ser også Helsehuset som ei investering for framtidig rekruttering og arbeidsmiljøet til dei som skal yte framtidas helse- og omsorgstenester, seier kommunedirektør Lars Inge Kvande.

--

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS