ANNONSE:

Ny nettbutikk for bygdebøker

Interessa for dei nye bygdebøkene for Surnadal har vore stor, ikkje berre blant innbyggarane i Surnadal kommune. Både frå andre stader i landet og frå utlandet kjem det jamt spørsmål om kvar bøkene er å få tak i.

For å imøtekoma dette behovet, har vi no opna nettbutikk! Framover vil du derfor kunne handle bygdebøker for Surnadal frå din eigen sofakrok!

Nettbutikken finn du på dei nye heimesidene til «Bygdebøker for Surnadal». Du kan google «Bygdebøker for Surnadal», eller gå inn på heimesida til Surnadal kommune, velje «Kultur, idrett og fritid» og gå vidare derifrå til «Bygdebøker for Surnadal». Her kan du bestille bøkene du ønskjer deg, betale trygt med «Nets» og få bøkene levert med Bring.

Dei nye nettsidene for bygdebok er framleis under utarbeiding, og nytt stoff blir lagt ut etter kvart som det blir klart. Her finn du mellom anna:

· info om kva gardar kvart enkelt band omfattar

· kart over kommunen og områda enkeltbanda omfattar

· register for kvart enkelt band

· rettingar og tilleggsinfo til band som er utkomne.

Powered by Labrador CMS