ANNONSE:

45 år i senior­filmklubben

45 ÅR er «en aldeles nydelig film om gammel kjærlighet» (NRK) og handlar om eit ektepar som skal feire 45-års-bryllaupsdag sin. Men førebuingane blir skipla når han får eit overraskande brev.

Seniorfilmklubben viser onsdag 9. november kl. 12 ein typisk «skuespelar-film». Det briljante samspelet mellom veteranane Tom Courtenay og Charlotte Rampling gjer 45 ÅR meir intens dess lågare lydnivået er. Dei to vann da også fortent prisen for beste mannlege og kvinnelege skuespelarprestasjon under filmfestivalen i Berlin i 2015.

Seniorfilmklubben er ein klubb som er open for absolutt alle som har passert ungdomsskulealder. Namnet ber nok litt preg av at dette er eit samarbeid mellom kulturhuset, pensjonistlaget, senioruniversitetet og «Den kulturelle spaserstokken». Men det er ein ordinær filmklubb, organisert gjennom filmklubbforbundet – så alle er meir enn velkomne til å bli medlem!

Powered by Labrador CMS