Freeskicup
Stor oppslutning om freeskicup
Mange jenter til start denne gongen
Onsdag kveld var det duka for den første av to rundar med freeskicup i Sæterlia. Først køyrde dei yngste, superkidsa. I denne klassen blir det ikkje gjeve poeng, alle er vinnarar. Åtte av dei 28 deltakarane i klassen var jenter. I klassane kids, yngre junior, junior og senior var det tilsaman 25 deltakarar, kor seks var jenter. Dette er ein idrett kor det tradisjonelt er dominert av gutar, så aukande jenteandel er topp. Supert på sjølvaste kvinnedagen. Freeskicupen er ei fin anledning for dei aktive til å få prøvd seg med startnummer på brystet og få kjenne på konkurransenervar lokalt og i ei uhøtidleg setting. 53 deltakarar er suverent god oppslutning, og dette teiknar godt for rekrutteringa til sporten. Det var kaldt i bakken denne kvelden, men stemninga og føret var topp. Andre og siste runde går av stabelen 16. mars. Vel møtt i bakken!