Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag

Tur til Alvstu­setra

Publisert Sist oppdatert

Vi parkerte bilane ved Alvstusetra og derifrå gjekk vi til austenden av Krokvatnet.

Vi vart fortalt at det har vore ein gard her før, Austigarden.

Hans Hyldbakk skriv at dei i 1723 hadde ein buskap på sju kyr, åtte ungnaut, ti sauer, ein hest og elleve geiter. Dei hadde også ei seter i Bøverdalen.

Garden vart selt, som avlsgard, til ein gard på Svean i Surnadal og fråflytta ca. 1850.

Turen gjekk vidare attende til Alvstusetra, der vi åt nista vår.

Det var ein dag med varme og strålande sol.

Termometeret på banken viste 34 grader da vi kom heim att på Skei.

.

Powered by Labrador CMS