Desse lovar klassiske arier, Messe over todalstonar etter Tomina Husby og Hallvard Ørsal og ikkje minst ferske songar av Sundlisæter. Frå venstre Bernt Bøe, Borghild Talgø, Svein Volle og John Moe.

Konsertkveld i Stangvik

Klassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje.

Publisert

Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg, gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen».

Harald Bjørkøy gler seg til å synge Rossini, Haydn, Fauré og Grieg i Stangvik-kyrkja.

Kreativitet er varemerke for kveldens andre hovudaktør, Ole Karsten Sundlisæter. Mannen bak operaen «Haugtussa i Helheim» og oratoriet «Olav den Helliges dåp» presenterer si flunkande nye salmesamling «Det går en elv i hvert et våkent hjerte». Publikum får oppleve fleire av hans 153 melodiar som allsong og i kordrakt. Sundlisæter er også kveldens akkompagnatør og orgelsolist.

Ole Karstein Sundlisæter byr på orgelsoli, tonefølgje og nykomponert salmesamling.

Kortreist tonekunst står koret Prosjekt 17 for – m.a. «Folketonemesse frå Todalen». Den består av slåttemusikk av Hallvard Ørsal og salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby. Til desse har Bernt Bøe laga små korsatsar med Kyrie, Gloria og andre gudstenesteledd som tekst. Koret syng dertil saman med Bjørkøy i «Landkjenning» og «Salme 24».

Søskenbarna Harald Bjørkøy (t.v.) og John Moe (korist og medarrangør) gler seg til ein rikhaldig songkveld og ser særleg fram til å presentere Ole Sundlisæter sitt nye salmeverk. (Foto: Einy

Todalsk blir det dessutan når Svein Volle syng duett med Harald Bjørkøy. Og sidan tenor Bjørkøy er søskenbarn av John og Øystein Moe i koret, får vi kanskje høre dei tre i samsong?

Arrangørane, Todalen sokneråd og Stangvik sokneråd, lovar ein rikhaldig songkveld i ei kyrkje som har 125-årsjubileum no i 2022.

...

Powered by Labrador CMS