ANNONSE:

Frå Chaplin til mumiar

Seniorfilmklubben med Chaplin på onsdag, og elles går det i Spielberg, Munch og mumiar.

USA var ikkje deltakar i 2. verdskrig da Charlie Chaplin laga DIKTATOREN i 1940. Men han hadde håpa at filmen ville bidra til at dei «meldte seg på» for dei allierte.

Likevel har han sagt i ettertid at han neppe ville ha laga denne komedia om han hadde kjent til kva som skjedde i Tyskland, som konsentrasjonsleirane.

Det ville i tilfelle vore synd, for DIKTATOREN er ei nådelaus satire over Adolf Hitler og hoffet rundt han.

Filmen handlar om diktatoren Adenoid Hynkel og den jødiske barbereren Harü. Dei er lik kvarandre på ein prikk, og slik blir det forviklingar av, og dei kan ein få med seg onsdag 8. februar kl. 12.

(from left) Sammy Fabelman (Gabriel LaBelle) and Uncle Boris (Judd Hirsch) in The Fabelmans, co-written, produced and directed by Steven Spielberg.

Chaplin er eit stort filmnamn og det er sanneleg også Steven Spielberg: THE FABELMANS (9-årsgrense) blir sett opp frå fredag 3. februar og det er vel ingen Spielberg-filmar som er meir Spielberg enn denne. For «THE FABELMANS er nemlig en utsøkt fortalt oppveksthistorie med store humortopper, dype alvorsstunder og solide skuespillerprestasjoner», skriv NRK. Og denne oppveksthistoria er nok temmeleg lik regissøren eiga. Filmen er nominert til sju oscarar i år, m.a. som «Beste film».

MUNCH (12 år), filmen om kunstnaren, vil også bli vist i neste veke. Noko av det spesielle med filmen er at Munch blir skildra gjennom fire ulike stadium av livet sitt – og med fire ulike skuespelarar, m.a. Anne Krigsvoll som den gamle Edvard Munch.

Barnefilmen, med premiere fredag 3. februar, er MUMIER PÅ EVENTYR (6 år). Det eksisterer faktisk ein eigen mumieby under jorda i Egypt. Samtidig, på overflata, finn ein arkelog ein ring som ein i mumiebyen eig. Så da må han opp i dagen og leite etter den, saman med lillebroren, prinsessa og ei kjælekrokodille.

Du finn heile kinoprogrammet her: https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS