Monica Gulla Løfaldli tok imot Komp-maskina frå Helene Marie Nergård.

Komp til Rindal Helsetun

Rindal Pensjonistlag har motteke eit eksemplar av den enkle datamaskina Komp frå Pensjonistforbundet. Under Torgdagen i Rindal Næringspark denne lørdagen overrakte Helene Marie Nergård denne maskina til Rindal Helsetun. Monica Gulla Løfaldli tok imot Komp-maskina og fekk enkel opplæring og administasjonsrettar.

Publisert Sist oppdatert

Rindal Helsetun har ein Komp som alt er i bruk, så no kan dei plassere Komp på to stader. Pensjonistlaget håper den blir til glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette.

Komp er ei datamaskin med berre ein knapp, noko som tettar kommunikasjonsgapet mellom dei som slit med moderne teknologi og meir digitalt erfarne venner og familiemedlemmer.

Komp er kobla opp til ein app på telefonen til venner og familie til brukaren. Frå telefonane sine kan barn, barnebarn og venner sende bilde, meldingar og gjennomføre tovegs videosamtalar med Komp.

Bruken er lik Facetime og Messenger, berre at Komp som mottakar er enklare enn datamaskin og smarttelefon.

Komp må koplast mot internett via wi-fi eller 4G mobilabonnement, men har berre ein knapp som ein slår på apparatet med og regulerer lyden med. Perfekt for dei med «knappeskrekk»!

Kanskje du som har kjente på helsetunet ønsker å legge ut bilde på Kompen? Ta kontakt med Monica, så kanskje det ordnar seg.

Sjå meir frå Torgdagen her!

Powered by Labrador CMS