Kommunestyremøte i Surnadal sist torsdag:

Foredragsholder ved podiet i et møterom med deltakere, skjermer og en presentasjon på veggen.

Vedtok bygging av helsehus

Kommunestyret i Surnadal gjorde eit historisk vedtak torsdag, da dei godkjente kontrakten og ramma for helsehusprosjektet, ei investering på inntil 580 millionar kroner.

Publisert

Saksdokumenta til møtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside.

Orientering om mulig etablering av datasenter

Håvard Stensønes orienterte om eventuell etablering av datasenter. På same dag kom henvendelser til kommunen om to forskjellige initiativ til etablering av datasenter i Øvre Surnadal. Stensønes påpeika at begge anlegga er i strid med kommuneplanen sin arealdel og gjeldande reguleringsplan. Det betyr at kommunestyret i første omgang må avgjere om dei seier ja eller nei til oppstart av planarbeid.

Ønsker gang- og sykkelsti

Odd Magne Gulla (H) la fram ein interpellasjon om trafikksituasjonen for syklistar og fotgjengarar på fv6152, frå Syltkrysset til Industrivegen, der det manglar gang- og sykkelveg. Ordførar Hugo Pedersen la fram forslag om å sende eit brev frå kommunestyret til fylket med oppmoding om å etablere gang- og sykkelsti på denne strekninga. Kommunestyret slutta seg til dette.

Foredragsholder står ved talerstol i et bibliotekrom mens publikum sitter og følger en presentasjon på skjerm.

Godkjent årsmelding og årsrekneskap

Kommunedirektør Lars Inge Kvande og økonomisjef Vibeke Langli la fram årsmelding og årsrekneskap for 2025 for kommunestyret. I forordet i saksdokumentet står det at 2025 vart eit krevjande år økonomisk, men at det også vart levert gode tenester i einingane og i stab/støtte-avdelingane. Driftsrekneskapen viser eit udekka meirforbruk på kr 22 998 145. Formannskapet innstilte på å godkjenne årsmeldinga og årsrekneskapen, og dette vart einstemmig vedtatt i kommunestyret.

Folk sitter i et møterom og ser på en lysbildepresentasjon mens en foredragsholder står ved podiet.

Tertialrapport med positivt driftsresultat

Økonomisjefen gjekk gjennom tertialrapporten for første tertial. I kommentarane i saksframlegget står det at tertialrapporten viser at driftsrekneskapen har eit positivt netto driftsresultat på kr 1 484 000. Einingane har eit samla meirforbruk på kr 3 780 000. 

I kommentarane står det også at dei fleste eningane signaliserer at dei vil klare å halde seg innafor den opphavelege budsjettramma, men nokre einingar har store meirforbruk. Nokre av grunnane til dette er auka kostnader knytt til enkeltvedtak, større kostnader til integreringstenesta enn det som var lagt til grunn i budsjett, større kostnader knytt til tilskot private barnehagar og fleire tiltak i barneverntenesta. Dei aller fleste av desse kostnadana er vanskeleg å forutsjå når ein arbeider med budsjettet, heiter det i kommentaren. I tillegg får kommunen redusert kompensasjon for ressurskrevande brukarar for 2025. Kompensasjonen kjem året etter, og vil påverke rekneskapen i år. Handlingsrommet når det uforutsette oppstår i tjenestene er svært redusert, og kvar eining jobbar kvar dag med å finne løysingar for dette. Men det er bekymringsfullt at nokre einingar har store avvik frå vedteke budsjettramme. Dette har det blitt jobba med og vil framleis bli jobba med å finne løysingar på, står det i kommentarane. Årsprognosen for 2026 blir omlag som det opphavelege budsjettet, med dei foreslåtte budsjettreguleringane.

Økonimisjefen var også innom månadsrapporten for mai, som viser eit positivt netto driftsresultat. Saka har vore innom formannskapet tidlegare. Formannskapet innstilte på at kommunestyret tek tertialrapporten til orientering, og det vart einstemmig vedtatt.

Godkjente kontrakten om bygging av helsehus

På dette møtet fekk kommunestyret framlagt kontrakten for bygging av nytt helsehus til godkjenning.

Kvinne står ved en talerstol og snakker i et møterom med mikrofon og datamaskin.
Silje Beate Holten, leiar i plan og byggenemnda for helsehus.

Silje Beate Holten (Sp), som er leiar i plan- og byggenemda for helsehus, beskreiv arbeidet med planane for helsehuset som ein åpen og god prosess.

– Eg vil understreke at dette er eit prosjekt som kommunen treng. Vi har behov for eit moderne og framtidsretta sjukeheimsplassar. Vi må legge til rette for innovative løysingar i helse- og omsorgstenestene, og vi må ha arbeidsplassar og lokale som gjer at vi er attraktive i kampen om framtidas helsepersonell. Derfor meiner eg at helsehuset er ei viktig investering for Surnadal, både for dei som treng det i dag, og for alle oss som kjem til å trenge det i framtida.

Innstillinga frå Plan- og byggenemnda for Helsehus var slik:

Kommunestyret godkjenner det framlagte helsehusprosjektet slik det ligg føre etter gjennomført samspillsfase, og vedtek ny ramme på inntil 580 mill. kroner.

– Ein stor dag for Surnadal, sa varaordførar Annett Ranes, da ho annonserte at innstillinga var einstemmig vedtatt.

Skjerm med illustrasjon av et helsehus og personer utenfor bygningen.

Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV

Trollheimsporten beklagar at denne artikkelen kjem seint. Vi har venta på publisering av opptaket frå møtet på Kommune-TV.

Voksne sitter ved små bord i et lyst møtelokale med veggopphengte bilder.
Powered by Labrador CMS