Koret Prosjekt 17 imponerte med mykje fin korsong

Sterk formidling av påskebodskapen i Stangvik kyrkje

Vel 60 personar var møtt opp til «Påskevandring i ord og tonar». Koret Prosjekt 17, leia av Bernt Bøe, opna med « Lov Herrens namn» til folketone fra Stangvik. Koret imponerte med mykje fin korsong, og Synnøve Hammervold med sine fiolinelevar formidla langfredags alvor gripande i «O hode , høyt forhånet».

Publisert Sist oppdatert

Jesu 7 ord på korset /sentrale bibeltekster frå evangelia vart framført som rollelesing, medan Turid Røen Kroknes hadde soloinnslag mellom lesingane. Tekstlesarar og kormedlemmer dramatiserte kvinnene ved korset , og kvinnene som kom til den tomme grava 1. påskedag. Da vi i rollelesinga var komne til 1. påskedag, vart det delt ut påskeliljer, mens forsamlinga song « Dine hender er fulle av blomster»! Imponerande kor gripande og stemningsfullt denne mektige bodskapen kan bli fortalt med enkle effektar! Torbjørn Brøske vektla Jesus si grensesprengande kraft i andakten sin.

"Dine hender er fulle av blomster!"

Kvelden vart avslutta med kveldsmat i prestegarden, der Anna Britt Vikan og Anne Grete Kvendset, som ordna med serveringa, måtte sette inn ekstra stolar!

Kveldsmat i Prestegarden

Og til dei som ikkje hadde høve til å kome til Stangvik kyrkje, kan dette opplevast i Åsskard kyrkje langfredagskvelden!

Powered by Labrador CMS