Rindalspop ved Igltjønna

Jo Sverre Sande, med sitt band, opna den musikalske delen av Norsk Vandrefestival fredag kveld. Dei gav dei vel 200 frammøtte ein strålande popkonsert i det nydelege seinsommarvèret. Jo Sverre beviste at popmusikk kan framførast på meisterleg vis, sjølv på kav rindalsdialekt!

Publisert

Allereie frå første låt var det tendenser til allsong og pop-perler kom som perler på ei snor frå scena! Jo Sverre hadde med seg eit knallsterkt band beståande av Brage Kristian Einum på tangentar, Olav Nergård Tørset på slagverk og Sondre Skogset på bass. Saman gav dei oss ein kruttsterk konsert med låter som «Ostoppele», «Ka om» og «Ild og anarki» frå tidligare utgjevingar av Jo Sverre. Itillegg spelte bandet eitpar nye låtar, som fremdeles ikkje hadde fått tittel, men som antagelegvis kjem på Jo Sverres neste skive. Den er det berre og sjå fram til!

Folkeliv

Vandrefestivalgeneral, Tom Godtland, var særs godt fornøgd med at så mange hadde teke turen til Igltjønna! Badeplassen gav fantastiske kulissar for konserten og scena skulle vore brukt oftare til konserter, då det fungerte utruleg godt!

Alt i alt ei finfin opning av musikkprogrammet på Norsk Vandrefestival!

Powered by Labrador CMS