Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:

Kvister av et tre, alm, med grønne blader og blomster. Furu i bakgrunnen.
Alm er ein av dei truga artane som veks i Dalan naturreservat.

Dalan i Surnadal blir verna skogsområde

Tysdag 23. juni vedtok Kongen i statsråd å verne 35 skogområde, der fem ligg i Møre og Romsdal. Dei er spreidd i heile fylket og inneheld naturtypar som manglar i dei verneområda vi har frå før, skriv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på si heimeside.

Vernevedtaket omfattar om lag 4,8 kvadratkilometer nytt verna areal i fylket og vil bidra til at vi tek vare på norsk natur for kommande generasjonar.

Vernet gjeld:

  • Husbyfjellet i Aure

  • Grøtsura i Haram

  • Båtneset i Sula

  • Dalan i Surnadal

  • Utviding av Mardalen i Molde

Fire av dei fem områda er heilt nye naturreservat. Utvidinga av Mardalen naturreservat bind saman delane av naturreservatet til eit samanhengande skogreservat på heile 6390 dekar.

Områda er verna gjennom frivillig skogvern, i samarbeid med Allskog SA og grunneigarane.

Dalan naturreservat

Dalan naturreservat i Surnadal ligg på høgdedraget Nordmarka, og skogen er i mosaikk med naturtypar som rik open sørleg jordvassmyr, sumpskog og slåttemyr. Verneverdiane for skogen er knytt til kystfuruskog og rik edellauvskog. Lågurtedellauvskog og frisk rik edellauvskog er raudlista naturtypar som vil bidra til å fylle manglar i vernet, samtidig med å ta vare på trua artar som alm og nær trua artar skorpefiltlav.

Verknader av vernet

Å verne desse områda bidreg til å redusere dei negative verknadene av klimaendringane. Det gjer vi ved å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem og langsiktig binding av karbon, skriv Stasforvaltaren.

Vernet bidreg til å nå Stortingets mål om å verne 10 prosent av skogarealet, og det støttar internasjonale mål og forpliktingar. Det bidreg også til nå dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget har slutta seg til gjennom stortingsmeldingar. Måla er at:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere viktige tenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.

Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og konkludert med at det ikkje skadar andre samfunnsinteresser, som skogbruket.

Vernet fører likevel til nokre restriksjonar på bruken av området. Tiltak som kan endre naturmiljøet er forbode. Det gjeld mellom anna nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking og motorisert ferdsel. Nokre tiltak kan få løyve etter søknad. 

Vanleg friluftsliv kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Forvaltningsansvaret

Forvaltningsansvaret for Mardalen naturreservat ligg til Dovrefjell nasjonalparkstyre som forvaltar verneområda i Eikesdalen. Statsforvaltaren skal ta vare på dei fire andre. Dette omfattar behandling av dispensasjonssøknader, skjøtsel og fjerning av framande treslag, samt overvaking og formidling av verneverdiane.

Powered by Labrador CMS