LESERINNLEGG:

Illustrasjonsfoto

Kyrkjegardane våre

I likheit med mange andre, er eg ofte i denne «tørketida» på kyrkjegarden for å vatne gravsteda eg har ansvar for. Det er stort sett eit trist syn når det gjeld vedlikehald. Graset er høgt, ja av og til så høgt at ein berre skimtar gravsteinane, og plantene som pårørande har planta på sine ser ein knapt.
Måndagskvelden denne veka begynte det å bli ganske brukbart. Da var presten med familie i full sving med å slå gras. Kanskje han har vorte kyrkjetenar «på si»?
Øye kyrkjegard der eg har mine, er rett og slett ei stor skam. I tillegg til høgt gras, flyt bossdunkane over.
Det har vore ille i lang tid, men tykkjer det blir verre og verre for kvart år.
Kven har ansvaret?
Hadde det vorte utført så slett arbeid i andre bedrifter, trur eg arbeidsgjevar hadde grepe inn.

Eli Gulla

Powered by Labrador CMS