Annonse
LESERINNLEGG:
Er Settemsdalsvegen trygg?
Er Settemsdalsvegen trygg? Jord og leir har lausna og delvis hamna på vegen mellom Settemsdalen og Bøfjorden i dag, ser vi. Vi fotograferte dette og to andre småskred no i kveldinga. Og det kjem stadig mykje nedbør.
Håpar dei veg-ansvarlege veit om dette og har alt under kontroll!
Utan å vera fagekspertar kjenner vi bekymring - det er store (tydeleg leirhaldige) massar i skråninga oppfor vegen.
Uansett må alle vera vakne når dei kjører her no.
Kanskje Bøli-vegen (mellom Bølandet og Åsgard) er eit sikrare alternativ inntil vidare?
Bernt Bøe