Høgtid i vemod og ettertanke
Helgemessesøndagen i går sette fint preg på bygdene våre. På kyrkjegardane skein det i tusenvis av lys. Inne i kyrkjene var det gudstenester med song og musikk, minnestund og lystenning.
I Stangvik, Todalen og Åsskard gjorde Torbjørn Brøske teneste som prest. I preika knytte han historiske linjer til «helgemessene» for dei første kristne martyrane. Og med varm innleving omtala han vår relativt ferske allehelgenstradisjon som gripande samling rundt minnet om våre kjære i vår tid.
Konfirmantar deltok med lystenning for dei som er døde siste året. I Åsskard vart det såleis tent heile femten lys.
Salmesongen slike dagar gir perspektiv og trøst. I fleire av kyrkjene var det songkrefter med, som i Todalen og Åsskard, der medlemmer av Prosjekt 17 la korstemmer til allsongen. Her var også utdrag av Egil Hovlands «Allehelgensmesse» fletta inn – både salmen «Hen over jord» og «Sæleprisingane» etter Matteus-evangeliet. Som dagens preiketekst vart nettopp «Sæleprisingane» framført i vekselsong mellom liturgen (Torbjørn Brøske) og korgruppene frå P17.
Det var godt oppmøte på dei fleste gudstenestene denne Allehelgensdagen.