Styret i Vårsøghelga melder:
Navnet Vårsøghelga blir erstatta, og Kleivakvelden og Kleiva blir tatt av programmet
Styret i Vårsøghelga har hatt møte onsdag 24. september, og etter dette har dei sendt ut ei pressemelding.
Her skriv styret at dei ser framover og vil jobbe med å få til en best mulig kulturfestival i 2026.
Kleivakvelden og Kleiva blir tatt av programmet. Navnet Vårsøghelga blir erstatta. Det vil bli jobba med å skaffe kulturfestivalen nytt navn.
Vidare skriv styret at kultur er viktig som samfunnsbygger og brubygger – og med alt som blir presentert gjennom kulturens ulike uttrykk og eigenverdi. Dette er noko av drivkrafta til det vidare arbeidet for styret.
--
Meldinga frå styret i Vårsøghelga må sjåast i samband med kunngjeringa frå Surnadal kommune tysdag denne veka. (red.anm.)