Ei dame som sitter i en stol og slår ut med hendene.
Linda Eide sluttar snart i NRK. Til gjengjeld inntar ho nordmørske scener i haust.

Linda Eide til Nordmøre med «Fosse-sjov»

Linda Eide og Sjur Hjeltnes tar med seg forestillinga om nobelprisvinnaren Jon Fosse til Surnadal, Sunndal og Kristiansund. Dette skriv Surnadal Heimbygdlag i ei pressemedling.

Hendinga skjer midt i november, da «Fosse for dumskallar» inntar scenene tre dagar på rad.

- Dette er noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling, seier Linda Eide.

- Vi serverer forteljingar, analysar og anekdotar om verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål. Ei slik framsyning hører naturleg heime i verdas nordlegaste nynorskfylke, som attpåtil har verdas nordlegaste nynorskkommune, Surnadal!

Linda Eide og Sjur Hjeltnes er mellom anna kjent frå «Eides språksjov», som NRK legg ned. Til gjengjeld kjem parhestane til Nordmøre. No har dei gått den store forfattaren etter i saumane: Kven er Jon Fosse, kva skriv han, korleis skriv han? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkjøring? Kva var det eigentleg som skjedde da mannen som aldri skulle skrive for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar?

- Og ikkje minst: Er Fosse så forbaska utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Linda Eide spør. Og svarar sjølv, frå scena i Surnadal kulturhus, Sunndal kulturhus og Kulturfabrikken i Kristiansund den 14., 15. og 16. november. Billettane blir lagt ut for sal i desse dagar.

En mann og ei dame på en scene, med en stor skjerm bak seg.
Linda Eide og Sjur Hjeltnes på scena med Jon Fosse – sistnemnte via skjerm.

Turnéen på Nordmøre har komme i stand gjennom eit samarbeid mellom dei tre mållaga på speleplassane: Surnadal Heimbygdlag, Sunndal Mållag og Fosna Mållag. Nordmøre Mållag er støttespelar.

Svein Sæter i Surnadal Heimbygdlag såg «Fosse for dumskallar» i Oslo før jul, under feiringa av nobelprisen til Jon Fosse.

- Da nemnte eg for Linda at vi svært gjerne skulle hatt denne flotte, humørfylte forestillinga til Nordmøre. Det hadde ho svært lyst til. Sia har det berre handla om å finne datoar som passa for alle, seier Sæter.

I «Fosse for dumskallar» får publikum oppleva det sprudlande samspelet mellom musikaren Sjur Hjeltnes og ordkunstnaren Linda Eide. Her er det glimt i auget frå første tone. Eller som Linda Eide sjølv seier:

- Dette er dumskallanes inngangsbillett til Fosseriket. Og sjølv den vidarekomne kan hente seg nokre nyttige studiepoeng.

Powered by Labrador CMS