Surnadal kommune melder:

Koronavaksine til 16-17 åringar i Surnadal

FHI har bestemt at 16-17 åringar no skal få tilbod om koronavaksine.

Regjeringa har etter anbefaling frå FHI beslutta at alle fødde i årskull 2004 og 2005 skal få tilbod om koronavaksine når alle over 18 år er vaksinerte. Denne nyheita har mange ungdommar venta på.

Desse ungdommane vil også få tilbod om mRNA-vaksine. Dei fleste 2005-modellane har fylt 16 år og er helserettsleg myndig og kan samtykke til vaksinasjon sjølv. For dei som er fødd i 2005 og ikkje har fylt 16 år, må det innhentast samtykke frå begge føresette.

Surnadal kommune vil komme med nermare informasjon om vaksinasjonstilbodet onsdag i neste veke, og startar også innkalling av 16-17 åringane da.

I mellomtida er det fint om føresette tek ein prat med sine ungdommar om vaksinering mot koronaviruset.

NB! Ein vil få tilbod om vaksine i den kommunen ein oppheld seg. 16-17 åringar som er på flyttefot innan dei er vaksinerte i heimkommunen, vil få nermare informasjon om dette.

Dei som skal studere i utlandet kan henvende seg til vaksinekoordinator allereie no.

Les meir om FHI sine anbefalingane om vaksinasjon mot covid-19 for 16-17 åringar her.

Dette skriver Surnadal kommune på sine hjemmesider.

Powered by Labrador CMS