Korona Covid-19 Illustrasjon

Gledelege resultat frå smittesporing i Surnadal

Så langt i smittesporinga har vi ngen fleire positive prøveresultat, melder kommuneoverlege Bjørn Buan

Publisert Sist oppdatert

Dette er status 21. mars:

Ein person er sjekka ut av vente-karantene etter påvist negativ PCR-prøve. Ein person i vente-karantene blir avklart med PCR-test på måndag. To personar er framleis i nærkontaktkarantene i 10 dagar, og blir testa på nytt på dag 7 etter siste eksponering.

Etter effektiv og rask smittesporing framstår situasjonen per no som avgrensa og oversiktleg. Det har vore eit godt samarbeid med alle involverte partar. Vi ventar på svar frå analyser som vil avklare om smittetilfellet dreier seg om eit mutert virus.

Ny status frå smittesporinga blir meldt når vi har fått prøveresultat i løpet av morgondagen.

Powered by Labrador CMS