Surnadal kulturhus melder:

Falle til ro i kulturhuset

Tid til å «falle til ro»

Eva Weel Skram har sett saman eit repertoar av julesongar som betyr mykje for ho. Måndag 6. desember blir ho å høre i Surnadal kulturhus.

Weel Skram er no ute på sin første skikkelege juleturnè, da turnèen i fjor vart noko mindre og annleis enn tenkt.

Og idèen om ein eigen turnè kom eigentleg mest av seg sjølv, for Eva merka seg at den eine julerelaterte songen etter den andre «sneik seg med» på repertoarlista ho hadde på vinterkonsertane sine.

Så difor har ho no sett saman eigne julelåtar og tolkingar av songar som betyr mykje for ho.

Julekonsertane har fått namnet «Falle til ro», som også er tittelen på songen ho bidreg med til den populære Netflix-serien «Hjem til jul».

Eva Weel Skram er tydeleg nok eit godt namn for det lokale publikummet, for kulturhuset melder at det berre er att knappe tjue billettar veka før ho kjem.

Powered by Labrador CMS