Damene bak det heile! Mette, Gunn Mari og Elin.

Populær julemesse på garasjeloftet - Vi må produsere meir varer!

Publisert Sist oppdatert

Første av to dagar med julemessa «Jul på Lykkjeeidet» er overstått. Det gjekk over all forventning for dei tre damene som har planlagt dette sidan mai.

Det var i mai at Elin spurte Mette om dei skulle arrangere julemesse på garasjeloftet på Lykkjeeidet, og Mette var ikkje vond å be. Mette fortel at det har vore bra trøkk med folk på laurdag, så mykje at dei må skynde seg og produsere meir varer til søndag.

Inngangen til julemessa.
God stemning på garasjeloftet!

Det var god stemning og mange flotte varer å velje mellom på messa. Blant anna dokkeklede, skinnfeller, vaskeutstyr og stikkeklede var å sjå hos utstillarane. Fleire slo seg ned og tok eit kakestykke og ein kopp kaffe etter handelen.

Mette, Gunn Mari og Elin var svært nøgde etter første dag med messe, og gler seg til å opne igjen søndag. Julemessa er open frå 12-16. Ta turen innom for å få litt julestemning og finne nokre skattar enten til deg sjølv, eller til ei julegåve.

Ingrid Rangnes Talgø og Marte Talgø med nydelege strikkeklede.
Ingrid Rangnes Talgø og Marte Talgø med nydelege strikkeklede.
Ida Melling Bolme sine luer, vesker, panneband og dokkeklede.
Ida Melling Bolme sine luer, vesker, panneband og dokkeklede.
Elin Bøklepp Kvande og Ida Melling Bolme
Elin Bøklepp Kvande og Ida Melling Bolme
Norunn Næss Bolme med reingjeringsprodukt til julevasken!
Myllåromme stiller med masse julegodt!
Powered by Labrador CMS