Surnadal kommune melder:

Legevakta flyttar

Legevakta i Orklandsregionen flyttar inn i nye lokale torsdag 1. februar kl. 15.30.

Ny adresse 

Tunvegen 15, 7320 Fannrem.

Lokalisering kart

Koordinatar: 63.2716193273192, 9.829957709295634 

Praktisk informasjon

Den interkommunale legevakta fortsett aktiviteten i eksisterande lokale fram til kl. 08.00 torsdag 1. februar. Når legevakta startar opp igjen kl. 15.30 same dag er det i bygninga ved sida av sjukeheimen på Fannrem (sjå bilde over).

For å komme til Tunvegen 15 svingar du av til venstre før du kjem fram til parkeringa på sjukeheimen. Det vil vere tydeleg skilta i området.

Her finn du legevakta frå 1. februar.
Her finn du legevakta frå 1. februar.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Surnadal kommune sitt kommunevåpen
Powered by Labrador CMS