ANNONSE:

Rindal kirke
Haust ved Rindal kirke

Gudsteneste i Rindal sundag

Er kyrkjedørane for tronge? Eller er berre det å stille spørsmålet eit fåfengt forsøk på å slå inn vidopne dørar? Sundag kl.11 (opps, vintertid) er det Bots- og bededagsgudsteneste i Rindal.

Me må forhalde oss til at døra til Himmelriket skal stengast ein dag, og at det skal bli eit innanfor og eit utanfor. Og det såkalla anliggande i preika går på at problemet, eller kall det gjerne utfordringa, ligg i at me sjølve forskansar hjarte og sjel bak solide murar og dørar. Eit avsnitt frå preika: Like lenge som det har vore kyrkjer her til lands, har kyrkjedørane vore opne for dei verste blant oss. Tenk berre på dei fredlause: Innanfor kyrkjedørane var dei ikkje lengre fritt vilt.

Dørane til Rindalskyrkja er vidopne for oss alle. Det blir ofring til arbeidet i kyrkjelyden, nattverd og kyrkjekaffi. Vel møtt!

Powered by Labrador CMS