LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

FrP prioriterer pensjonistane!

– Etter eit langt liv i arbeidslivet har pensjonistane fortjent å bli behandla med respekt, få sin pensjon rettmessig indeksregulert, og få eldreombudet tilbake.

FrP aksepterer slett ikkje at AP og co har prestert å ikkje indeksregulere pensjonistane sin pensjon, noko som har betydd lavare kjøpekraft for pensjonistane kvart år.

Eldreombudet i Ålesund vart lagt ned av dagens regjering, dette ønsker FrP å etablere igjen med ei ny borgarleg regjering.

Pensjonen må sjølvsagt følge normal regulering for løna og prisvekst, og skal på plass med eit sterkt FrP.

Eldreomsorga er staten sitt ansvar og kan ikkje overlates tilfeldig med bakgrunn i ulik kommunal økonomi, derfor ønsker vi statlig finansiering av eldreomsorga.

Fram mot 2030 aukar ant personar over 79 år med omlag 15000 pr år. Derfor trengs det utbygging av minst 3000 nye sjukeheimsplassar og heildøgns omsorgsbustader , og dette kjem Frp til å prioritere sterkt.

Dagens regjering styrt av Ap, SP og SV har konsekvent nedprioritert eldreomsorga, svært dårlig kommuneøkonomi, bråstopp i sjukeheimsbygging der tilskott til kommunane vart stoppa, samt underregulering av pensjonen er fasiten.

FrP har ikkje gløymt pensjonistane og lover eit kraftig løft, skulle berre mangle når det faktisk er dagens pensjonistar som gjennom eit langt liv har bygd det samfunnet vi har her i Norge.

Støtt Sylvi, stem FrP!

Mvh
Frank Sve

1 nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP.

Powered by Labrador CMS