Ragnhild brukar sommaren på å skrive bok om Jürgen Klopp
Hovedbilde: Ragnhild Lund Ansnes
Ragnhild Lund Ansnes, som er gift med surnadalingen Jostein Ansnes, og som saman med han driv hotell TIA, rett ved Anfield Road i Liverpool, og reisebyrået Liverpool Adventures, er no i Surnadal, der ho held på å skrive bok om Liverpool FC sin nyleg avgåtte manager, Jürgen Klopp.
Da er det kanskje ikkje så rart at det i det siste har dukka opp mange bilder av Ragnhild og Jürgen, der mange trur at Ragnhild er Ulla, kona til Jürgen. VG hadde torsdag ei sak om dette, og denne videoen.
Ragnhild har tidlegare skrive bøkene: Liverpoolhjerter (2010), Liverpoolhelter (2012), Liverpoolkapteiner – Ledelse og lidenskap (2016), Bruce Grobbelar – Life in a jungel (2018) og Verdens beste Liverpool – You’ll never walk alone (2020). Ho var også redaktør for boka om tidlegare manager i Liverpool Shankly – Rett frå hjertet (2013).
Den nye boka, Klopps Liverpool, skal gjevast ut på Kagge og Stenersen forlag, og utgjevingsdatoen er torsdag 3. oktober. I samband med utgjevinga vil Ragnhild gjennomføre ein lanseringsturne, der ein også vil besøke Nordmøre, saman med tidlegare Liverpool-spelarar og forlaget.