Rindal - KIL/Hemne

Spillere på fotballbane
Magnar Reiten suser forbi sin oppassar.

Overbevisande seier

Heimelaget Rindal tok laurdag imot Kil/Hemne på Heggøya kunstgrasbane, og dei kvitkledde gjekk hardt ut frå startblokka, og sette gjestane under press allereie frå første spark på ballen. Då sluttsignalet gjekk, hadde heimelaget netta tre gonger utan at hemnværingane klarte å kvittera.

Publisert
spiller i drakt knyter sko ved siden av trener på fotballbane
Trenar Lars Ole Heggem med siste formaningar til Mikkel Bakken før kamp.

Rindal sette opp eit forrykande tempo frå starten av, og det var kun ein meget godt KIL/hemne-keeper som forhindra scoringar, då han varta opp med to kjemperedningar før kampen var ti minuttar gammal. Men etter vel halvtimen var spelt måtte også hemne-keeperen kapitulere: Ein ball datt ned i feltet og Geir Bævre fekk kjempetreff og limte ballen i nettaket etter eit vel utført saksespark! Heimelaget altså opp i 1-0 leiing.

to lag på fotballbane
spillere på fotballbane
Roy Bolme fyrar av.

Kampen jamna seg ut litt etter scoringa, men eit aggresivt heimelag forhindra at gjestane skapte noko som kunne enda i utlikning. Mange tøffe duellar vart det òg , og kampleiiaren sleit med å halda ei konsekvent linje. Mange tvilsomme frispark vart dømt i mot Rindal, men dei kvitkledde køyrde på og heldt hovudet kaldt ut omgangen.

Andre omgang var knapt blese igong før innbyttar Steinar Gjeldnes kjempa seg forbi eit par forsvararar og fann Daniel Hagen Eide foran kassa, som auka leiinga til 2 – 0. Meget sterk prestasjon av Gjeldnes! KIL/Hemne kom meir med i kampen etter scoringa, men utan at dei klarte ikkje å skapa noko som helst trøbbel for heimelagets forsvar, som såg meget komfortable ut denne kampen. Etter ca timen fekk Geir Bævre nok tid til nok ein gong å lada kanonen. Frå ca 25 meter klemde han til og sjølv om gjestanes målmann fekk fingrane på ballen, så var det såpass hardt og velplassert at ballen gjekk i nota! 3 – 0!

fotballbane med spillere
Corner.
mann springer etter ball på fotballbane
Steinar Gjeldnes ned mot linja.

Dette vart òg sluttresultat etter at heimelaget hadde forsvart seg godt, og det var nærmare å bli både 4 og 5-0 enn ei redusering. Ein enorm laginnsats gjorde at rindalsgutane kunne innkassera ein meget sterk seier og 3 poeng!

Trollheimsporten gratulerar!

spillere i bu ved siden av fotballbane i drakter
Tomålsscorer Geir Bævre og Sander Strømme etter kampen.
Powered by Labrador CMS