Leserinnlegg

Øystein Folden
Øystein Folden

Folk vil jo ha straum

Publisert

Det er eitt argument som går igjen når det er tale om kraftverk og kraftliner: Folk vil jo ha straum. Dermed er det visst nærast fritt fram for å bygge kraftverk over alt. Er det slik at alt må byggast ut fordi vi treng straum? 

Møre og Romsdal er eit underskotsfylke på straum. Eller eit overskotsfylke på straumforbruk. Det er litt etter som ein ser det. Det er sjølvsagt mogleg å seie at ein skal bygge ut til ein går i balanse. Viss ein bygger ut alle elvene og bygger vindkraftverk i alle fjella og på alle øyene, så vil det nok framleis mangle noko på at ein har nok. I alle fall når politikarane har fått etablert all den nye grøne industrien som følgjer med det grøne skiftet. Kva gjer ein då? Bygger nye fjell så ein kan få bygd endå nokre vindturbinar? Eller kan det tenkjast at det finst ei grense: No bestemmer vi oss for at vi ikkje skal bruke meir straum. Vi treng ikkje meir.

Viss det ein gong der framme finst ei grense fordi det ikkje er meir, kvifor kan ikkje den grensa vere før vi kjem så langt: No er konsekvensane av straumforbruket så store at vi vil ikkje bygge ut meir. Vi bygger ikkje den batterifabrikken, datasenteret eller fiskeoppdrettet? 

I Tingvoll blir det brukt omtrent 45 GWh i løpet av eit år. I Skar kraftverk og Gyl kraftverk blir det til saman produsert ca. 15 GWh i løpet av eit år. Tingvoll bruker altså 30 GWh meir enn det som blir laga i kommunen. Må Tingvoll bite i det sure eplet og bygge ut Fløystadfjellet med 460 GWh? 10 gongar så mykje som dei bruker? 15 gongar meir enn underskotet? Eller er det greitt å få noko frå naboen i aust? I Surnadal, som også har høyrt nemnt noko om Robek-lista, blir det produsert over 1000 GWh i året. Kan det vere at skatt frå kraftutbygging ikkje hindrar ein kommune å hamne på Robeklista? 

Fred Olsen Renewables held til i Oslo. Der er det eitt kraftverk. Det har ein årsproduksjon på 16 GWh, like mykje som det blir produsert i Tingvoll. Forbruket i Oslo er noko større enn i Tingvoll. Har vi høyrt at mangelen i Oslo er så stor at det må byggast fleire vasskraftverk eller vindkraftverk i Oslo? Kanskje det vil kaste av seg like mykje for Tingvoll om Fred Olsen fornybar energi flytter hovudkontoret sitt til Tingvoll og droppar vindturbinane. Med solceller på taket frå første dag. Kontoradresse i økokommunen, det kan kanskje vere noko å tenkje på for ei verksemd som vil vere fornybar? 

Øystein Folden 

Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 

Powered by Labrador CMS