Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:

Alle 25 kom seg til toppen av Skarven.
Alle 25 kom seg til toppen av Skarven.

Fjellgruppas tur til Skarven

Publisert

Vi var 25 pensjonistar som fekk ein overlag fin fjelltur i det heilt perfekte turveret! Skikkeleg sommarver med over 20 grader, men heldigvis ein lett bris og litt dis!

Vi køyrde oppi Bøverdalen og parkerte ved Borstua på Seterbøen. Derifrå gjekk vi etter merka turløype, først eit stykke etter ein seterveg som går til Seterbøsetra, så etter ein sti heilt opp til toppvarden på Skarven, 649 moh. Bratt var det heile vegen, men både skogsvegen og stien var tørr og god. Og med ein matpause halvvegs og passeleg tempo for oss oppi åra, kom vi oss alle til topps. Og det flotte utsynet vi hadde rundt om til alle kantar!

Vi var alle samde i at vi hadde hatt ein særs fin fjelltur. Og så har vi jo det så triveleg og sosialt i lag!

Første rast etter bratt skogsveg og sti frå Seterbøen.
Første rast etter bratt skogsveg og sti frå Seterbøen.
I full driv opp fin tursti.
I full driv opp fin tursti.
Ein bust i bakken med utsyn oppover Bøverdalen.
Ein bust i bakken med utsyn oppover Bøverdalen.
I lang lang rekke.
I lang lang rekke.
Over snøfonn opp mot toppen.
Over snøfonn opp mot toppen.
Glade fjellvandrarar.
Glade fjellvandrarar.
Ser Hjelmen, Hjelkona og Saufjellet bak toppvarden på Skarven.
Ser Hjelmen, Hjelkona og Saufjellet bak toppvarden på Skarven.
Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!
Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!
Nedturen med utsikt til bygda og Trollheimen.
Nedturen med utsikt til bygda og Trollheimen.
Utsikt oppover Bøverdalen.
Utsikt oppover Bøverdalen.
Nedturen med utsikt til Bæverfjord.
Nedturen med utsikt til Bæverfjord.
Vakker musikk med bekkebrus frå Geitåa og fuglesong.
Vakker musikk med bekkebrus frå Geitåa og fuglesong.

Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til fjelltur til Bollknobben i Todalen, tysdag 20. juni.

Oppmøte på parkeringsplassen nedafor Øye Kyrkje kl. 10.00 for samkøyring til Nordvik.
Vel møtt til fjelltur for kropp og sinn!

Powered by Labrador CMS