Pressemelding:

Bygdebokslepp!

Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.

Det blir bokslepp i Svorkasalen på Surnadal kulturhus 3. desember kl. 13.

Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på boksleppet! Her vil det bli ein presentasjon av boka og arbeidet med henne. Vidare vil frivillige som har vore med på arbeidet med boka, få ei velfortent påskjøning for innsatsen dei har lagt ned. Etterpå blir det kaffe og kake, og mulegheit til å bla i eller å kjøpe boka.

Elles vil det vera muleg å få kjøpt boka:

Fredag 9. des. kl. 12 -17 på Coop Extra.

Laurdag 10. des. kl. 11 -15 på Coop Extra.

Dei tre nemnte dagane over vil det vera muleg å gjera eit superkupp på bygdebøker: Dei som kjøper det nye band 5, vil i tillegg kunne kjøpe to tidlegare band for kr 500,- per stk!

Bygdebøkene kan elles kjøpast på Surnadal bibliotek og på ARK Surnadal.

Powered by Labrador CMS