ANNONSE:

Den allsidige forfattaren Per Helge Pedersen kåserer om havsølv og gjenreising på museet søndag.

Havsølv på museet

Mange minnest enno storsildeventyret. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag kåserer forfattar Per Helge Pedersen om «Havets Sølv – Kystens Gull».

Tittelen er frå hans ferske bok, der han saman med Åge Olsen og Terje Holm dokumenterer silda si storhetstid for både Kristiansund og Nordmøre.

Mange møter nok opp denne dagen for å sjå og høre det han formidlar, kjenne seg att og skaffe seg boka. Der er masse foto av farty og folk du kanskje kjenner. Historikk og fakta er til å ta og føle på. Kva silda har betydd, ligg tydeleg bak overskrifta «Klondyke i byen».

Boka dokumenterer ei storhetstid på Nordmøre.

Pedersen har vore pressemann i over 50 år – storparten av tida som redaktør i fiskeriblad og for byggebransjen. Blant hans mange bøker er «Havets Sølv – Kystens Gull» den nyaste.

Pedersen har også gitt ut «Gjenreisingsbyen Kristiansund». Ut frå denne fortel han om byen som i hans barndom vart bygd opp att frå krigens bomberuiner. At frakteskuter frå nettopp Bøfjorden skaffa mykje av sanden til nye bygg i byen, hører med i denne historikken.

Kristiansunds-snurparen «Skrøyfa» på storsildfeltet. Båten var bygd i Bøfjorden - like ved sjøbruksmuseet.
Fiskefartya prega hamna i Kristiansund under storsildfisket.

Begge bøkene blir å få kjøpt på museet. Og der er som alltid kaffen varm og småbrøda klare til nytelse.

Programmet var planlagt i juli, men vart da utsett. Det er like aktuelt no.

Powered by Labrador CMS