Inviterer til Boligdagen 2025

Fredag 26. september inviterer Surnadal kommune til Boligdagen 2025 i Kammerset på Surnadal kulturhus. Her kan ein få svar på det ein lurar på om framtidig busetting og bustad.

Her vil ein også få ein oversikt over eventuelle støtteordningar som finst for eventuelle tilpassingar av bustadar og kva ein bør tenke på når ein blir sjuk eller eldre.

Under Boligdagen 2025 vil personar frå Husbanken, NAV, lokale bankar og tilsette i kommunen orientere om ulike støtteordningar og kva ein bør tenke på for framtidige bustadar.

På eit pressetreff måndag ettermiddag vart programmet for Boligdagen 2025 presentert.

  • 09.00: Velkommen - ordførar Hugo Pedersen

  • 09.15: Helsehus - Gunhild Eidsli, kommunalsjef Helse

  • 09.30: ROP-boligar - Ann Elin Stenberg, einingsleiar Helse og familie

  • 09.45: Framtidas behov/boligkartlegging - Pål Ranes, prosjektleiar

  • 10.00: Framtidas behov - Husbanken

  • 10.30: Kaffepause

  • 10.45: Spørsmål

  • 11.00: Dagens boligstatus - blir behovet dekt? - Håvard Stensønes, einingsleiar

  • 11.30: Startlån - Anne-Guri Aase, NAV

  • 11.45: LUNSJ

  • 12.30: Nye boligformer med eksempel - Husbanken

  • 13.00: Nye boligformer og nye boligfelt i kommunen - Byggesak, plan

  • 13.45: Oppsummering - Lars Inge Kvande, kommunedirektør 

- Vi gleder oss til Boligdagen 2025, og meiner vi har greid å sy saman eit innhaldsrikt og breitt program, seier kommunalsjef Samfun, Karin Halle.

- Vi håper folk melder seg på og blir med på Boligdagen 2025, legg ho til.

I forkant av Boligdagen har Surnadal kommune gjennomført ei bustads-kartlegging, der fristen gjekk ut 19. september, med der det framleis er mogleg å vere med ved å melde seg på via denne lenka

Under Boligdagen 2025 fredag vil ein få sjå resultatet frå denne spørjeundersøkinga.

Dersom det er ting ein lurar på i høve til korleis ein vil bu når ein blir eldre, eller når helsa sviktar? Da bør ein melde seg på Boligdagen 2025, noko ein gjer på surnadal-kulturhus.no. Å vere med på Boligdagen 2025 kostar kroner 50,- per billett.

 

Powered by Labrador CMS