ANNONSE:

Kyrkjelydshuset på Skei

Velkomne til felles middag på kyrkjelydshuset

Onsdag 1. desember frå klokka 16.00.

Har du lyst til å ete middag saman med nokon fleire?

Eter ein ofte middag åleine, er det triveleg å ete i lag med nokon. For travle småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå. Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet ein onsdag i månaden.

Dørene opnar kl.15.30, og maten blir servert frå kl.16.00-16.45.

Frå kl.17.00 er det aktivitet for barna, og for dei vaksne er det mogleg å bli sitjande igjen rundt borda for ein triveleg prat og kaffi. Treffet avsluttast med ei kort samling.

Pris kr. 50, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Påmelding: Ring eller send SMS med antal personar til Elsa Jensvold mobilnr. 99518162 innan måndagen før.

Tidspunkt: Dørene opnar kl. 15.30 og maten er servert frå kl.16.00.

Alle er hjarteleg velkomne!

Arr. Kyrkja i Surnadal

Powered by Labrador CMS