Åsskard søndag:

To personer med kaffekanner står ved en lykt foran en hvit trekirke.
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og klokkar Randi Vetleseter Bøe inviterer til gudsteneste og årsfest med kaffe og meir til.

Messe og årsfest

Søndagens gudsteneste i Åsskard blir etterfølgd av middag og årsmøte. Samlinga inneheld både tilbakeblikk og framtidsplaner.

Publisert Sist oppdatert

Prost Vidar Rygh leier messa på 2. søndag i faste. Evangeliet fortel om underet Den kanaaneiske kvinna opplevde. Ei songgruppe støttar liturgien. Vakre salmar står på lista. Utanom nattverd er det takkoffer til det allsidige arbeidet i kyrkjelyden.

Festprega årsmøte

I Kyrkjestua blir det middag, kaffe og årsmøte etter gudstenesta. Ein biletserie frå fjoråret viser rikt og variert liv knytt til kyrkja. Attåt ulike gudstenester var 2025 prega av barnetreff, hobbykveldar, mykje musikk og dyktige konfirmantar.

Flere personer leder en seremoni rundt et kors med blomster i en kirke.
Årleg: Påskesongmesse med musikk og bibelscener samlar mange. Her frå langfredag i fjor.
Gruppe barn og voksne rundt langbord som driver med papirhobby og tegning.
Her er små og store med på påskeverksted i april 2025.
Flere personer blar i gamle bøker som ligger tett i tett på et bord i en kirkesal.
Mange har kostelege bokskattar i heimane. Utstillinga på ein songkveld i april 2025 synte biblar og andaktsbøker frå 1500-, 1600- og 1700-, og 1800-talet!

Gjevarglede for KN

Eksempelvis skaffa Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp i Åsskard i fjor over 46 tusen kroner - tilsvarande permanent vassforsyning for 150 menneske i tørkeramma land.

Visjonar for barne- og ungdomsarbeidet blir presentert ved sida av dei historiske linjene som pregar kyrkja ved 150-årsjubileet no i 2026.

Ungdommer med innsamlingsbøsser poserer foran alter i kirke.
Konfirmantane i Surnadal samlar store midlar til Kirkens Nødhjelp kvart år. Her er frå Åsskard under fjorårets aksjon.

ANNONSE:

Grønn plakat som annonserer fastegudstjeneste i Åsskard kyrkje med bilder og tekst.
Powered by Labrador CMS