ANNONSE:

Julemesse på Eidet bedehus

I år arrangerer Misjonsforeninga Vårdag julemesse for 50. gongen. No ber vi deg halde av dagen og møte opp på Eidet bedehus laurdag 27. november. Her blir det program og sal av mange slag; stort basarbord, kafe`, kakelotteri mm.

Vi opnar kl. 13.00 og kl. 16.00 er det familiemøte der Oscar Nordbø vil halde andakt og Gunhild Marie Settem m.fl. deltek med song.

Inntekta går til arbeidet som Misjonssambandet er med og driv på fleire kontinent: helsearbeid, undervisning, anna hjelpearbeid og kyrkjelydsarbeid.

Vi er glade for all støtte , og det går også an å ta lodd ved å sette inn pengar på Vipps (629797) eller Nettbank (4040.5592.373) og så sende SMS til mobilnr. 94247572, så ordnar vi med at du får loddane dine.

Men først og fremst er du velkomen til ein triveleg ettermiddag på Eidet bedehus denne siste laurdagen i november. (Meir info i veke 47).

Powered by Labrador CMS