Minnelys blir tente under messa i Todalen kyrkje.

Helgemesser med lys i mørkret

Publisert

Helgemesse - Allehelgensdag - er ei høgtid med sterke kjensler. Vi følgde presten Torbjørn Brøske til Todalen, Åsskard og Stangvik.

Både årstida og ramma om dagen er prega av mørke. Minnet om dei vi har mista, legg vemod og sakn til gudstenestene. Etterlatne var denne gong spesielt inviterte gjestar.

Som erfaren prest og sjelesørgjar leia Brøske helgemessene i sine tre kyrkjer med varmt alvor og tydeleg omsorg. Samtidig formidla han håpet og lyset som skin ut av dagens bibeltekster: Salme 23 (Hyrdesalmen), Openberringa om ny himmel og ny jord og Sæleprisingane frå Jesu Bergpreike.

Lystenning i Åsskard kyrkje. Klokkar Randi Bøe og fungerande sokneprest Torbjørn Brøske leier stunda. Konfirmantar tenner minnelysa..

Etter klassisk mønster vart dei åtte Sæleprisingane framført som vekselsong mellom presten og vokalgrupper frå koret Prosjekt 17. Både denne komposisjonen og opningssalmen «Hen over jord» er utdrag frå Egil Hovlands «Allehelgensmesse».

Konfirmantar frå dei tre kyrkjelydane deltok i liturgiske oppgåver – i stilfull korsprosesjon, forbønslesing og lystenning.

Sentralt stod minnestunda over dei som døde siste året. Opplesing av namn og tenning av lys for kvar av dei var eit gripande høgdepunkt i kvar av messene.

Samver med kaffe, saft og samtale i Kyrkjestua i Åsskard.

Før gudstenesta var kyrkjene i Åsskard og Stangvik opne - med stillhet, kaffe og meditasjonsmusikk.

Ute på kyrkjegardane vart det tent lys på hundrevis av graver, og gjennom haustnatta blafra dei små flammane med frimodig påminning om håp i jordlivets mørke.

Powered by Labrador CMS