Soldatbautaen i Åsskard:

Steinmonument foran hvit kirkebygning med to norske flagg på hver side.
«Reist i takksemd av sambygdingane»: Soldatbautaen ved Åsskard-kyrkja fyller 80 år denne 17. mai.

Tradisjon i 80 år

Samlinga ved soldatbautaen er ein sterk tradisjon på 17. mai i Åsskard. No er det 80 år sia bygda reiste minnet over Gunnar P. Bøe.

Publisert

Gunnar Pederson var frå Olastua på Bølandet. Han drog på nøytralitetsvakt til Finnmark på nyåret 1940. Etter forflytting til Gratangen i Troms fall han i strid mot tyskerane den 25. april.

Svarthvitt-portrett av en mann i militær uniform og kepi mot lys bakgrunn.
22 år gamle Gunnar P. Bøe døde i slaget ved Gratangen 25. april 1940

Gravferda ved Åsskard kyrkje skjedde først eitt år seinare - den 16. juni 1941.

Etter krigen arbeidde ein komite med å skaffe den minnebautaen som no står ved kyrkja, der det er samling kvar 17. mai. Sjølve steinen vart henta frå Holten i Bøverdalen og våren 1946 «reist i takksemd av sambygdingane», slik inskripsjonen seier.

Avduka 17. mai 1946

Soldatbautaen har 80-årsjubileum på nasjonaldagen no i 2026. Den vart nemleg avduka etter gudstenesta den 17. mai 1946.

Her var det talar av sokneprest Sverre Stoltenberg, komiteleiar Ingebrigt Snekvik og ordførar Peder J. Bøe. Korsong og allsong skapte høgtid, og Åsskard Songlag avslutta seremonien med «Gud signe Noregs land».

Tre menn står ved en gravstein med blomster foran på en kirkegård.
1995: Ved 50-årsminnet for frigjeringa var tre av Gunnar P. Bøe sine medsoldatar samla ved bautaen. Frå venstre Edvard Aasbø, Jon E. Fiske og Sivert Sæterøy.

Årleg samling

Seinare har det i samband med gudstenesta kvar 17. mai vore tale og kranspålegging ved soldatbautaen. I samarbeid med kommunen har Bøfjorden Historielag dei siste åra organisert denne seremonien.

Kirkerom med alter, benker og norske flagg på hver side.
Før samlinga ved bautaen er det 17. mai-gudsteneste i ei festpynta Åsskard kyrkje.

Ved 80-årsjubileet denne nasjonaldagen er det ung tale: To av fjorårets konfirmantar framfører teksten ved minnesteinen over Gunnar P. Bøe like etter gudstenesta i Åsskard-kyrkja.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS